• RÅDGIVING
  • PROSJEKTERING
  • VISUALISERING
  • LEGALISERING
  • ADMINISTRASJON
  • DOKUMENTASJON

(+47) 46944545  e-post: post@rsoconsult.no

Har du ein ide eller plan om eit prosjekt som du vil ha teikna, visualisert og godkjent? Kva har ein lov til og er prosjektet ditt er søknadspliktig eller ikkje? Er det behov for å følge opp entreprenøren i byggearbeida? Eller har du kanskje manglar i dokumentasjonen for eksisterande situasjon? Då tilbyr vi rådgiving og hjelp til dette.


God framgangsmåte og ein smidig prosess er uansett viktige suksessfaktorar.

RSØ CONSULT AS tilbyr rådgiving og kompetanse tilpassa dine behov slik prosjektet ditt skal lykkast.

1.

BEFARING OG INNLEDANDE KONSULTASJON


På befaring kan vi gjere felles vurderingar av eksisterande situasjon, og saman drøfte idear og mulegheiter. Dersom det er behov, kan vi sette opp ein overordna tiltaksplan og kostnadskalkyle for ditt prosjekt.

.

2.

PROSJEKTERING OG SØKNADAR


Vi kan prosjektere og visualisere idear i 3d perspektiv saman med deg. Vi avklarer tidleg om prosjektet ditt er søknadspliktig etc., og kan eventuelt bidra med byggesøknad. Vi kan også bistå med å utarbeide ein komplett prosjektplan.

3.

OPPFØLGING I BYGGEFASE OG DOKUMENTASJON


Når nødvendige arbeidsgrunnlag er på plass kan vi hjelpe deg med administrasjon og oppfølging av utførande entreprenør og leverandør. Vi kan sjå til at nødvendig dokumentasjon blir levert. 


OM RSØ CONSULT AS

RSØ CONSULT AS er eit norsk rådgivingsføretak som leverer konsulenttenester hovedsakleg til bygg- og anleggsbransjen. Vi tilbyr rådgiving for privatkundar, næringsliv og offentlege aktørar.


Vi har kompetanse innan prosjektering av arkitektur, konstruksjon og design av beresystem, bygningsfysikk, brannteknikk, geoteknikk, OVA-anlegg samt veg- og utomhusanlegg. Dette inkluderer teikningar og 3D-modellering, beregninger, rapportar og anna dokumentasjon kunden sitt behov. Vi har òg god kompetanse innan kontraktoppfølging og entrepriserett, og kan bistå med byggeadministrasjon og byggjeleiaroppdrag. Vi utfører òg uavhengig kontroll i samsvar med byggjesaksforskrifta (SAK10) kap. 14.


Foretaket vart etablert som eit enkeltpersonføretak i 2022 og vidareført som aksjeselskap i 2023. Eigar/dagleg leiar, Richard Stokke Øyre, er utdanna byggingeniør (BSc.) ved Høgskulen i Ålesund (NTNU) i 2008 og har vidareutdanning i prosjektleiing frå Skema Business School. Han har lang erfaring innan rådgiving og administrasjon i bygg- og anleggsbransjen, samt bakgrunn frå fiskeri- og skipsindustrien, der han mellom anna tok fagbrev som maskinarbeidar.


RSØ CONSULT AS har sentral godkjenning frå Direktoratet for byggkvalitet innan følgjande fagområde:

Funksjon

Fagområde

Tiltaksklasse

Ansvarlig søker

(for alle typer tiltak)

2

Prosjekterende

Arkitektur

1

Prosjekterende

Veg, utearealer og landskapsutforming

1

Prosjekterende

Brannkonsept

2

Prosjekterende

Geoteknikk

1

Prosjekterende

Konstruksjonssikkerhet

2

Prosjekterende

Bygningsfysikk

2

Uavhengig kontrollerende

Overordnet ansvar for kontroll

2

Uavhengig kontrollerende

Bygningsfysikk

2

Uavhengig kontrollerende

Konstruksjonssikkerhet

2

Uavhengig kontrollerende

Geoteknikk

2

Uavhengig kontrollerende

Brannsikkerhet

2


Klikk på bilde for lenke til godkjenningsområdet hos Direktoratet for byggkvalitet

TA KONTAKT


RSØ CONSULT AS

att: Richard Stokke Øyre

(+47) 4694 4545

post@rsoconsult.no


Kontor og postadresse: Hagevegen 25 6152 Ørsta

Org.nr. 931620029MVA


PROSJEKTGALLERI